Kandidater til ungdomens heiderspris

Fjell Idrettsråd har vedteke at det også skal delast ut ein heiderspris for ungdom.

Idrettsrådet veit at det er mange unge som legg ned mykje frivillig arbeid for laget/klubben sin, og vi ynskjer med denne prisen å vise at arbeidet som dei unge gjer blir lagt merke til, og satt pris på.

Vi trur også at det er viktig for framtidig rekruttering til frivillig arbeid.

Kriteria er at den/dei må vere mellom 15-20 år, enkeltpersonar, eit lag eller unge i organisasjonar, som gjennom frivillig arbeid har utmerka seg ved ein særleg innsats ovanfor barn og unge i sitt nærmiljø. Det kan vere som trenar, motivator, eller ekstra innsats på annan måte.

Kjenner de til nokon som oppfyller desse kriteria innanfor dykkar klubb, vil vi gjerne at de sender inn forslag, med grunngjeving, til Idrettsrådet.

Prisen til verte utdelt på Fjell Kommune sin Kultur- og Idrettsgalla som går av stabelen 11.02.2017.

Frist for innsending av kandidatar : 15.12.2016