4. mai 2016

Fjell Idrettsråd

Her er informasjon om handlingsplanen til FIR. Dette er arbeidsoppgaver som idrettsrådet skal jobbe etter gjennom året.

Handlingsplan 2011-12
Handlingsplan 2010

Tilskuddsordninger til idretten finner en på ulike nettsider:

Tilskuddsportalen
Fjell kommune sine hjemmsider
Hordaland Fylkeskommune

Idrettens hederspris

 Fjell Idrettråd vil også i år gjerne få dele ut Idrettens Hederspris for 2015 på Årsmøtet for Idrettsrådet 20.04.2016

Prisen for 2016 vil bli delt ut på Fjell Kommune sin Kultur og Idrettsgalla, som vil gå av stabelen i februar 2017.

Kjenner de nokon som brenn ekstra mykje for laget sitt, som gjer ein ekstra innsats, som alltid stiller opp, som er ein pådrivar og motivator for andre eller kanskje det er andre grunnar som gjer at de vil nominere akkurat denne kandidaten til Idrettens Hederspris.

Send oss forslag til kandidatar og grunngjev kvifor denne personen eller dette laget har gjort seg fortjent til prisen.

Forslag må vere oss i hende innan 06.04.2016

Retningslinjer for tildeling av Idrettens hederspris

Skal deles ut til:

Person (er) som har utmerket seg i sitt arbeid for Fjell Idretten på det adm. plan

Styre eller grupper i idrettslag som har gjort seg bemerket i sitt arbeid for idretten.

Person (er) som gjennom flere år har arbeidet for lag og idrett i Fjell.

Generelt om lovnorm for idrettsråd

Ufråvikeleg lovnorm

Idrettsrådet skal ha ei lov som er i samsvar med NIF-lova og denne lovnorma. Lova skal godkjennastav idrettskrinsen. Lovnorma er ufråvikeleg og inneheld eit minimum av det idrettsrådet må ha i sieiga lov. NIF-lova og lovnorm for idrettsråd skal leggjast til grunn i alt lovarbeid i idrettsrådet.

Lovendringar 

Alle lovendringar må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjeve stemmene. Lovendringane må sendast til idrettskrinsen for godkjenning. Lovendringar i idrettsrådet si lov som følgje av endringar i NIF-lova, trer i kraft straks.

Lovendringar vedtekne av idrettsrådet sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskrinsen.

Ved endring av lova kan idrettsrådet leggje til det idrettsrådet sjølv vurderer som nødvendig å ha regulert i eiga lov.

Motstrid mellom idrettsrådet si lov og NIF sitt regelverk/lovnorm

Tillegga/endringane i idrettsrådet si lov kan ikkje vere i strid med NIF sitt regelverk (NIF-lova, reglar og forskrifter) eller mot denne lovnorma. Ved eventuell motstrid mellom ein regel i idrettsrådet si lov og NIF sitt regelverk/lovnorm, vil regelen i idrettsrådet si lov vere tilsvarande ugyldig.

NIF-lova, reglar og forskrifter er tilgjengeleg på www.idrett.no

LOVNORM FOR IDRETTSRÅD
(Vedteken av Idrettsstyret 28. november 2011)

Lov for Fjell idrettsråd, skipa august 1973, med seinere endringer, seinest 13.06.2012, godkjent av Hordaland Idrettskrins 08.jan 2013 (dato/år).

INNLEIANDE REGLAR 

§ 1 Formål

(1) Idrettsrådet skal arbeide for best moglege vilkår for idretten i kommunen. Idrettsrådet skal vere ein arena for samarbeid mellom laga, mellom laga og kommunale styresmakter og mellom laga og idrettskrinsen.

(2) Arbeidet skal pregast av frivilligskap, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

§ 2 Organisasjon

(1) Idrettsrådet er eit felles organ for all idrett i kommunen som er organisert i Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) gjennom idrettskrinsen.

Idrettslag i Fjell kommune med medlemskap i NIF vert automatisk medlem av idrettsrådet.

(2) Bedriftsidretten sin tilknyting til idrettsrådet vert fastsett på idrettsrådet sitt årsmøte, jf. §13 (1) bokstav c).

(3) Idrettsrådet skal følgje NIF og tilslutta organisasjonsledd sitt regelverk og vedtak. NIF-lova gjeld for idrettsrådet uavhengig av kva som måtte stå i idrettsrådet si eiga lov.

 § 3 Oppgåver2

(1) Idrettsrådet skal:

a) Styrke idretten si rolle og rammevilkår i lokalsamfunnet.

b) Gjere prioriteringar på vegne av idrettslaga.

c) Dokumentere og synleggjere idretten sitt lokale omfang, samt utvikle lokale idrettspolitiske handlingsprogram.

d) Vere ein møteplass og utviklingsarena i skjeringspunktet mellom offentleg og frivillig virke.

(2) Idrettsrådet skal vere eit idrettspolitisk organisasjonsledd med oppgåver primært på lokalt nivå.

(3) Idrettsrådet skal handsama saker som tener idretten i Fjell kommune som ein heilskap, og arbeide opp mot kommunen for å finne heilskaplege løysingar som er tenelige for idretten.

§ 4 Kontingent

(1) Er kontingent innført, vert denne fastsett av årsmøtet i idrettsrådet for det påfølgjande kalenderåret.

(2) Skuldig kontingent fører til tap av stemmerett og andre rettar på årsmøtet i idrettsrådet.

TILLITSVALDE OG TILSETTE

§ 5 Kjønnsfordeling

(1) Ved val/oppnemning av representantar til årsmøte/ting, samt medlemer til styre, råd og utval m.v. i idrettsrådet, skal det veljast personar frå begge kjønn. 

(2) Samansetjinga skal samsvare i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel slik at det skal vere minst to personar frå kvart kjønn der det blir valt eller oppnemnt meir enn 3 personar. Der det blir valt eller oppnemnt 2-3 personar, skal begge kjønn vere representert. Representant for dei tilsette tel ikkje med ved utrekning av kjønnsfordelinga.

(3) Idrettskrinsen kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gjere unntak frå denne regelen.

(4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon og konsekvensane av manglande oppfylling av regelen.3

§ 6 Generelle reglar om stemmerett, kven som kan veljast, forslagsrett m.v.

(1) For å ha stemmerett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, vore medlem av eit idrettslag i minst ein månad og ha oppfylt medlemskrava. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt.

(2) Ein arbeidstakar i eit idrettsråd har ikkje stemmerett på idrettsrådet sitt årsmøte. 

(3) Ein person kan ikkje samtidig ha meir enn eit av følgjande verv i idrettsrådet: medlem av styret, valkomiteen, kontrollkomiteen, revisor.

(4) Revisor har talerett på idrettsrådet sitt årsmøte i saker som ligg innanfor sitt arbeidsområde.

(5) Representant frå overordna organisasjonsledd har talerett på idrettsrådet sitt årsmøte.

(6) Med forslagsrett er meint retten for representant til å fremje forslag under idrettsrådet sitt årsmøte. Berre idrettslag/bedriftsidrettslag med representasjonsrett og styret i Fjell Idrettsråd kan fremje forslag til handsaming på årsmøtet i idrettsrådet. 

§ 7 Kven som kan veljast, og representasjonsrett for arbeidstakar og oppdragstakar 

(1) Ein arbeidstakar i idrettsrådet kan ikkje veljast til verv i idrettsrådet eller overordna organisasjonsledd. Tillitsvalt som får tilsetjing i idrettsrådet pliktar å gå ut av tillitsvervet, og går inn att i vervet når tilsetjingstilhøvet er avslutta. 

(2) Ein arbeidstakar i idrettsrådet kan ikkje veljast eller oppnemnast som representant til ting eller møte i overordna organisasjonsledd.

(3) Regelen skal brukast tilsvarande på person som har oppdragsavtale som i omfang kan samanliknast med eit tilsetjingstilhøve i idrettsrådet.

(4) Denne regelen er ikkje til hinder for at idrettsrådet gir dei tilsette rett til å peike ut ein eller fleire medlemer mellom dei tilsette til idrettsrådet sitt styre.

(5) Idrettsstyret eller den det gir fullmakt4, kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gi dispensasjon. 

(6) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon.5

§ 8 Inhabilitet 

(1) Ein tillitsvald, oppnemnd representant eller tilsett i idrettsrådet er inhabil til å leggje til rette grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:

a) når vedkomande sjølv er part i saka.

b) når vedkomande er i slekt eller svogerskap med ein part i oppstigande eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken.

c) når vedkomande er eller har vore gift med eller er forlova eller sambuar med ein part.

d) når vedkomande er leiar for eller har leiande stilling i eller er medlem avstyret i eit organisasjonsledd eller annan juridisk person som er part i saka. 

(2) Sameleis er vedkomande inhabil når andre særeigne tilhøve ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til om vedkomande er upartisk; mellom anna skal det leggjast vekt på om avgjerda i saka kan gi særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande sjølv eller nokon som vedkomande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om inhabilitetsmotsegn er reist av ein part.

(3) Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna i idrettsrådet. 

(4) Inhabilitetsreglane skal ikkje brukast dersom det er innlysande at den tillitsvalde, oppnemnde representanten eller tilsette si tilknyting til saka eller partane, ikkje vil kunne påverke vedkomande sitt standpunkt og idrettslege interesser ikkje tilseier at vedkomande bør vike sete. 

(5) Med part er det her meint person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg mot eller som saka elles direkte gjeld. 

(6) I styret, komitear og utval tek organet sjølv avgjerd, utan at vedkomande medlem deltek. Dersom det i ei og same sak oppstår spørsmål om inhabilitet for fleire medlemer, kan ingen av dei delta i avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin habilitet, med mindre organet elles ikkje ville vere vedtaksført i spørsmålet. I sistnemnde tilfelle skal alle møtande medlemer delta. Medlemen skal i god tid seie frå om tilhøve som gjer eller kan gjere vedkomande inhabil. Før spørsmålet vert avgjort, bør varamedlem eller annan person som kan tre inn i staden for, kallast inn til å møte og delta i avgjerda, dersom det kan gjerast utan vesentleg bruk av ekstra tid eller kostnad. 

(7) Ved andre høve tek vedkomande sjølv avgjerda om vedkomande er inhabil. Dersom ein part krev det, og det kan gjerast utan vesentleg ekstra bruk av tid, eller vedkomande elles finn grunn til det, skal vedkomande sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste overordna til avgjerd.

§ 9 Krav tilvedtak, fleirtalskrav og protokoll

 (1) Når ikkje anna er bestemt, er styre, komitear og utval i idrettsrådet vedtaksføre når eit fleirtal av medlemene er til stades. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gjevne stemmene. Ved likt stemmetal er møteleiar si stemme avgjerande. 

(2) Vedtak kan fattast ved skriftleg sakshandsaming6 eller ved fjernmøte7. Ved skriftleg sakshandsaming skal kopiar av dokument i saka sendast samtidig til alle medlemer med forslag til vedtak. Gyldige vedtak krev at fleirtalet av medlemene gir sin tilslutnad til det framlagde forslaget, og til at dette vert gjort etter skriftleg sakshandsaming. Ved fjernmøte skal alle møtedeltakarane kunne høyre og kommunisere med kvarandre. 

(3) Det skal førast protokoll frå styremøta. 

§ 10 Tillitsvalde og refusjon av utgifter og tapt arbeidsforteneste. Godtgjersle

Tillitsvalde kan ta i mot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tap avarbeidsforteneste, som vedkomande får i samband med utføring av vervet. Tillitsvalde kan ta i mot ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. Refusjon for tapt arbeidsforteneste og godtgjersle skal gå fram av vedteke budsjett og rekneskap. Styrehonorar skal kome fram i årsmeldinga.

ØKONOMI

§ 11 Rekneskap, revisjon, budsjett m.v. 

(1) Idrettsrådet er rekneskaps- og revisjonspliktig. 

(2) Idrettsråd med ein årleg omsetnad på under kr 5 millionar skal følgje NIF sine rekneskaps og revisjonsreglar. Andre idrettsråd skal følgje rekneskapsreglane i rekneskapslova og revisjonsreglane i revisorlova, og skal engasjere revisor og velje kontrollkomité.

Kontrollkomiteen sine oppgåver følgjer av NIF-lova § 2-12.

(3) Bankkonti skal vere knytt til idrettsrådet og skal disponerast av to personar i fellesskap. Underslagforsikring skal vere teikna for dei som disponerer.

(4) På årsmøtet skal det fastsetjast eit budsjett som inneheld alle hovudpostar i resultatrekneskapen. 

(5) Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det vert dekt av positiv eigenkapital. 

(6) Idrettsrådet kan ikkje gi lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller garantien er sikra med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret. Idrettsrådet kan likevel delta i NIFs konsernkontoordning etter søknad frå idrettsrådet og vedtak frå Idrettsstyret. 

(7) Disposisjonar av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til idrettsrådet sin storleik og verksemd, også låneopptak, skal vedtakast av årsmøtet. Årsmøtet bør vedta eit særskilt fullmaktsreglement knytt til slike disposisjonar.

 ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV.

§ 12 Årsmøtet

(1) Årsmøtet er idrettsrådet sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år i mars månad. 

(2) Styret i idrettsrådet kallar inn til årsmøte med minst 45 dagars varsel, til dei idrettslaga som har representasjonsrett, samt til idrettskrinsen til orientering. Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengelege på Internett eller på annan forsvarleg måte.

Ved innkalling skal det presiserast at delegasjonar skal vere sett saman i samsvar med NIF-lova § 2- 48. Framlegg som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 25 dagar før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med framlegg må vere tilgjengeleg seinast ei veke før årsmøtet. 

(3) Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet høvesvis ved godkjenning av innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker som ikkje kan handsamast.

(4) Årsmøtet er vedtaksført med det tal godkjende representantar som møter. 

(5) På årsmøtet kan ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje er ført opp på utsend/kunngjort sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei frammøtte med stemmerett vedtek det, ved godkjenning av saklista.

 § 13 Representasjon på årsmøtet

(1) På årsmøtet i idrettsrådet møter med stemmerett:

a) Idrettsrådet sitt styre.
b) 2 til 5 representantar for kvart idrettslag etter skala fastsett av årsmøtet.
c) Representantar for bedriftsidretten etter skala fastsett av årsmøtet. 

(2) Representantar må vere valde på årsmøte eller oppnemnde av styret etter fullmakt. 

(3) Samarbeidande organisasjonar kan gjevast observasjonsstatus med talerett. 

§ 14 Leiing av årsmøtet 

Årsmøtet vert leia av vald(e) dirigent(ar). Dirigenten(-ane) treng ikkje vere vald/oppnemnd representant.

§ 15 Årsmøtet sine oppgåver

(1) Årsmøtet skal:

a) Godkjenne dei frammøtte representantane

b) Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

c) Velje dirigent(ar), sekretær(ar)9 og 2 representantar til å skrive under protokollen

d) Handsame årsmeldinga

e) Handsame idrettsrådet sin rekneskap i revidert stand

f) Handsame forslag til arbeidsprogram. Drøfte og prioritere planar for anleggsutbygging og aktivitetsutvikling

g) Handsame forslag og saker

h) Vedta budsjett

i) Gjere følgjande val:1

1. Leiar og nestleiar for 1 år kvar

2. Høvesvis to og tre styremedlemar annankvart år slik at det totalt er 5 styremedlemar i tilegg til leiar og nestleiar.11 Desse vert valt for 2 år.

3. 3 vara medlemar, som skal veljast som 1. 2. og 3. vara medlem for 1 år.

4. Revisor med vara revisor

5. Representantar til Idrettskrinstinget eller gi styret fullmakt til å oppnemne representantane

6. Valkomité med leiar og 2 medlemer og 1 varemedlem for neste årsmøte, etter innstilling frå styret i FiR.

(2) Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast samla. Deretter skal vara medlemene veljast samla ved skrifteleg val. Rekkjefølgja vert avgjord i høve til stemmetala.

(3) Bedriftsidrettslaga i kommunen kan velje eit styremedlem, med vara medlem, som tiltrer styret i idrettsrådet, som det åttande ordinære styremedlem. 

§ 16 Stemmegjeving på årsmøtet 

(1) Med mindre noko anna er fastlagt i denne lova, skal eit vedtak for å vere gyldig, vere gjort med vanleg fleirtal av dei avgjeve stemmene. Ingen representant har meir enn ei stemme. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt. Blanke stemmer skal reknast som ikkje avgjeve.

(2) Alle val skal vere skriftlege, dersom det ligg føre meir enn eitt framlegg, eller det vert fremja krav om det. Dersom det skal vere skriftleg val, kan berre føreslegne kandidatar førast opp på stemmesetelen. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar som ikkje er føreslegne, eller ikkje har det tal det skal stemmast over, tel ikkje, og stemmene skal reknast som ikkje avgjeve.

(3) Når eit val vert halde enkeltvis, og ein kandidat ikkje oppnår meir enn halvparten av dei avgjeve stemmene, skal det vere omval mellom dei to kandidatane som har fått flest stemmer. Står kandidatane likt etter omvalet, vert valet avgjort ved loddtrekking. 

(4) Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemer. Om ikkje mange nok kandidatar får dette i første omgang, er berre dei valde som har fått meir enn halvparten av stemmene. Det vert så bunde omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne røystinga er dei valde som har fått flest stemmer. Står nokon likt etteromvalet, vert dette avgjort ved loddtrekking.

(5) For å vere gyldig, må val vere gjennomført i samsvar med NIF-lova §§ 5 til 7.

§ 17 Ekstraordinært årsmøte 

(1) Ekstraordinært årsmøte i idrettsrådet vert innkalla av idrettsrådet sitt styre minst 14 dagar på førehand etter:

a) Vedtak i styret i idrettsrådet

b) Vedtak på årsmøtet i idrettsrådet

c) Vedtak av styret i overordna organisasjonsledd

d) Skriftleg krav frå 2/3 av dei idrettslaga som har representasjonsrett.

(2) Ekstraordinært årsmøte vert innkalla direkte til laga med representasjonsrett. 

(3) Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført med det tal godkjende representantar som møter. 

(4) Ekstraordinært årsmøte i idrettsrådet skal berre handsame dei sakene som er med i vedtaket eller i kravet om innkalling av årsmøtet. Sakliste og nødvendige saksdokument skal følgje innkallinga.14

 

§ 18 Møte/fellesmøte 

Idrettsrådet held møte med idrettslaga etter behov, og tek sjølv avgjerd omarrangementsforma.

 § 19 Idrettsrådet sitt styre 

(1) Idrettsrådet vert leia og forplikta av styret, som er idrettsrådet sitt høgste organ mellom årsmøta. I styret i idrettsrådet er det med leiar, nestleiar og 5 eller 6 medlemer, og 1. 2. og 3. vara medlem.

(2) Styret skal15:

a) Setje i verk årsmøtet og overordna idrettsstyremakter sine vedtak og avgjerder

b) Syte for administrasjon av idrettsrådet og representere dette utetter

c) Arbeide med saker som er nemnde i § 3

d) Etter behov oppnemne komitear/utval og utarbeide mandat/instruks for desse

e) Gi uttale til idrettskrinsen ved opptak av nye idrettslag i NIF.

f) Sjå til at idrettsrådet sine midlar vert brukte og forvalta på ein forsiktig måte i samsvar med dei vedtak som er gjort på årsmøtet eller av overordna organisasjonsledd. Styret skal vidare sjå til at idrettsrådet har tilfredsstillande organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen, og har forsvarleg økonomistyring.

 (3) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemene krev det.

 § 20 Komitear

Idrettsrådet skal ha valkomité som skal veljast på fritt grunnlag på årsmøtet i idrettsrådet, etter innstilling frå styret. Valkomiteen har som oppdrag å leggje fram innstilling på kandidatar til andre tillitsverv som skal veljast på årsmøtet. Medlem av valkomiteen som sjølv vert kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomiteen. 

ANDRE REGLAR 

§ 21 Allmenne disiplinærtiltak og straffesaker.

For allmenne disiplinærtiltak og straffesaker gjeld NIF-lova § 11-1 og §§ 11-3 flg.

 § 22 Lovendring

 (1) Endringar i denne lova kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte i idrettsrådet etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjeve stemmene.

 

(2) Lovendringar som følgje av endringar i NIF-lova, trer i kraft straks. Lovendringar vedtekne av idrettsrådet sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskrinsen.

Godkjenninga er avgrensa til dei reglane som NIF-lova omfattar.

(3) I samband med godkjenninga kan idrettskrinsen påleggje nødvendig endring for å unngå motstrid med NIF sitt regelverk.

(4) Endring i §§ 22 og 23 kan ikkje vedtakast av idrettsrådet sjølv.

§ 23 Oppløysing

Idrettsrådet kan berre oppløysast av idrettskrinsen. Ved oppløysing eller anna avbrot av idrettsrådet, går idrettsrådet sine overskytande midlar etter avvikling til eit føremål godkjent av idrettskrinsen.

 Apendix A – Forskrift til NIFs lov §§ 2-6 og 2-7

Vedtatt av Idrettsstyret 3. november 2011 med hjemmel NIFs lov §§ 2-6 (7) og 2–7 (4). Jf. Idrettsstyrets sak 37/11.

§1. Alminnelige bestemmingar

(1) NIFs lov §§ 2-6 og 2-7 gjelder for alle NIFs organisasjonsledd ved:

a) val/oppnemning til styre, råd og utval,

b) val/oppnemning som representant til årsmøte/ting eller møte i overordna organisasjonsledd.

 

(2) Bestemmingane gjelder både for forslag til kandidatar, ved oppnemning, ved val, samt utfylling av stemmesedlar. Bestemmingane gjelder også ved sjølve valet, i den forstand at resultatet skal være i overensstemmelse med bestemmingane.

 

(3) Med arbeidstakar menes den alminnelige definisjon av arbeidstakar slik det er definert i den alminnelige lovgiving.

(4) Ein person som har ein eierandel på over 1/3 anses å ha vesentlig innflytelse over en juridisk person (heretter kalt Selskap). Ved eierandeler under 1/3 må det vurderast konkret i hvert enkelt tilfelle om vedkommende person har vesentlig innflytelse. I vurderinga skal det blant anna leggast vekt på følgende:

a) Om personen og dennes nærstående, jf. aksjeloven §1-5, samlet sett har en eierandel på over 1/3 i Selskapet.

b) Om personen har bestemmende innflytelse i et konsern som samlet sett har en posisjon som gir vesentlig innflytelse over Selskapet.

c) Om personen har inngått avtaler som gir vesentlig innflytelse over Selskapet.

d) Andre særlige forhold som gir personen vesentlig innflytelse over Selskapet.

 (5) Person som er valgt eller oppnevnt i strid med §§ 2-6 og 2-7 anses som ikke valgt eller oppnevnt.

 (6) Alle organisasjonsledd har et ansvar for å informere om valgbarhetsbestemmelsen. Ved innkalling til årsmøter og ting skal innkallingen ha et eget avsnitt som omhandler NIFs lov §§ 2-6 og 2-7 .

 §2. Dispensasjon

 (1) Organisasjonsledd plikter å gjøre det som er mulig for å tilfredsstille §§ 2-6 og 2-

(2) Dersom det likevel viser seg å ikke være mulig å oppfylle kravet i bestemmelsene, og det er grunn til å tro at en ikke vil kunne få gjennomført valg/oppnevnelser, skal det søkes om forhåndsdispensasjon. 

(3) Dersom et organisasjonsledd ikke har foranledning til å søke om forhåndsdispensasjon, og ikke klarer å overholde bestemmelsene, skal det søkes om dispensasjon i etterhånd. 

(4) Idrettsstyret har delegert følgende myndighet til å avgjøre dispensasjonssøknader etter §2-6 og §2-7 :

a) Idrettskretsene: Søknader fra idrettslag og idrettsråd.

b) Generalsekretæren: Søknader fra særkretser/regioner. 

(5) Det kan bare gis dispensasjon for en valgperiode/oppnevnelse av gangen. 

(6) Dispensasjon etter §2-6 (6) kan gis når det foreligger særlige forhold. Det foretas en konkret vurdering i hvert enkelt tilfelle, hvor følgende momenter bør inngå:

a) Om den ansattes arbeidsgiver er representasjonsberettiget i overordnet organisasjonsledd.

b) Om det er andre ansatte tillitsvalgte i organisasjonsleddet.

c) Om den ansatte har deltidsstilling eller full stilling.

d) Om den ansattes stilling er av ledende eller underordnet karakter.

e) Tillitsvervets art.

 

(7) Dispensasjon etter §2-7 (3) kan gis når det foreligger særlige forhold. Det foretas en konkret vurdering i hvert enkelt tilfelle, hvor momentene nevnt i pkt. 1 (4) bør inngå i vurderingen.

 

Apendix B – Forskrift til NIFs lov §2-4 

Vedtatt av Idrettsstyret 3. november 2011 med hjemmel i NIFs lov §2-4 (4). Jf. Idrettsstyrets sak 39/11.

 

§1. Dispensasjon 

(1) Organisasjonsleddet plikter å gjøre det som er mulig for å tilfredsstille NIFs lov §2-4.

 (2) Dispensasjon skal kun gis dersom det foreligger særlige forhold. Ved behandling av dispensasjonssøknader bør blant annet følgende vurderes:

a) Hvilke tiltak som er gjort for å oppfylle bestemmelsen.

b) Er det tidligere søkt om og/eller innvilget dispensasjon.

c) Kjønnsfordelingen i medlemsmassen.

 

(3) Dersom det før ordinært/ekstraordinært årsmøte/ting blir klart for valgkomiteen eller det organ som er ansvarlig for oppnevningen at det må søkes dispensasjon, skal dette gjøres før det aktuelle årsmøtet/tinget avholdes.

 

(4) Idrettsstyret har delegert følgende myndighet til å avgjøre dispensasjonssøknader etter §2-4:

a) Idrettskretsene: Søknader fra idrettslag og idrettsråd.

b) Generalsekretæren: Søknader fra særkretser/regioner.

 (5) Det kan bare gis dispensasjon for en valgperiode/oppnevning av gangen. 

§2. Manglende oppfyllelse av bestemmelsen

 (1) For å oppfylle kravene i bestemmelsen må valg og representasjon foregå på følgende måte:

a) Ved valg/oppnevning av styrer, råd og utvalg, må sammensetningen av medlemmene tilfredsstille bestemmelsen. Ved valg/oppnevning av mer enn ett varamedlem, må sammensetningen også tilfredsstille bestemmelsen.

b) Ved representasjon må den delegasjon som faktisk møter tilfredsstille bestemmelsen.

 (2) Virkningen av manglende oppfyllelse av bestemmelsen

a) ved valg, skal styret innen 1 måned etter årsmøtet/tinget sende ut innkalling til ekstraordinært årsmøte/ting hvor nytt valg foretas. Dersom organisasjonsleddet ikke overholder fristen, kan Idrettsstyret/idrettskretsen pålegge organisasjonsleddet å oppfylle bestemmelsen, jf. pkt 2.2.

Eksisterende medlemmer i det aktuelle styret, komiteen mv blir sittende til nytt styre, komité mv. er valgt.

 Dersom det er åpenbart at dispensasjon ville ha blitt innvilget, kan dispensasjon innvilges i etterkant. Søknad om dispensasjon må være sendt til det organ som avgjør dispensasjonssøknaden innen 14 dageretter årsmøtet/tinget.

b) ved oppnevning av representanter, mister organisasjonsleddet det antall representanter som mangler for å oppfylle bestemmelsen.

c) ved oppnevning av medlemmer til styrer, råd og utvalg m.v. kan Idrettsstyret eller idrettskretsen pålegge organisasjonsleddet å foreta ny oppnevning.

(3) Idrettsstyret eller idrettskretsen kan pålegge organisasjonsledd å oppfylle bestemmelsen, herunder f.eks. ved å innkalle til nytt årsmøte/ting, jf. NIFs lov §2-

§3. Informasjonsplikt

Alle organisasjonsledd har et ansvar for å informere om NIFs lov §2-4 . Ved innkalling til årsmøter/ting skal innkallingen ha et eget avsnitt som omhandler bestemmelsen og virkningen av manglende oppfyllelse av bestemmelsen.

 

Sluttnoter

 

1 Idrettslaget kan berre vere medlem av eitt idrettsråd. Dersom det naturlege området for eit idrettslag strekkjer seg over meir enn ein kommune, avgjer laget sitt årsmøte ved lovvedtak kva for idrettsråd det vil vere med i. Med dispensasjon frå Idrettsstyret kan det opprettast felles idrettsråd for to eller fleire kommunar. 

2 Lista over idrettsrådet sine arbeidsoppgåver er minimum av det idrettsrådet si lov skal innehalde. I tillegg kan andre oppgåver også leggjast til idrettsrådet.

 3 Sjå forskrift til NIF-lova § 2-4.

 4 Avgjerdsmakta er delegert, jf. Delegasjonsreglementet

 5 Sjå forskrift til NIF-lova §§ 2-6 og 2-7.

 6 Til dømes møte per e-post

 7 Til dømes møte per telefon/videokonferanse

 8 §2-4. Kjønnsfordeling

 (1) Ved valg/oppnevning av representanter til årsmøte/ting, samt medlemmer til styre, råd og utvalg mv. i NIF og NIFs organisasjonsledd skal det velges personer fra begge kjønn.

 (2) Sammensetningen skal være forholdsmessig i forhold til kjønnsfordelingen i medlemsmassen, dog slik at det skal være minst to personer fra hvert kjønn der det velges eller oppnevnes mer enn 3 personer. Der det velges eller oppnevnes 3 personer eller færre skal begge kjønn være representert. Ansattes representant teller ikke med ved beregningen av kjønnsfordelingen.

(3) Idrettsstyret eller den Idrettsstyret gir fullmakt 1 kan, når det foreligger særlige forhold, gi dispensasjon fra denne bestemmelsen.

 (4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærmere vilkår for dispensasjon og konsekvensene av manglende oppfyllelse av bestemmelsen. 2

1Myndighet er delegert jf. NIFs delegasjonsreglement. (død link)2Se forskrift til NIFs lov §2-4.

 9 Referenten(-ane) treng ikkje være vald/oppnemnd representant

 10 Dette er minimum av dei tillitspersonar som skal veljast på årsmøtet. Årsmøtet kan i tillegg velje andre tillitspersonar det er behov for. 

11 Tal styremedlemer vert fastsett ved vedtak av lova. Styremedlemene kan veljast til spesifikke oppgåver

 12 Idrettsråd med årleg omsetnad på meir enn kr 5 millionar plikter å ha engasjert revisor, jf. NIF-lova § 2-11

(”(3) Med små organisasjonsledd menes særkretser/regioner, idrettsråd, idrettslag og bedriftsidrettslag med en årlig omsetning på mindre enn fem millioner kroner.”), og må ta inn følgjande som ny bokstav i) i § 15: «Engasjere statsautorisert/registrert revisor til å revidere idrettsrådet sin rekneskap». Bokstav i) vert flytta til ny bokstav j) og bokstav j (før bokstav i)) punkt 3 må endrast til «Kontrollkomité med 2 medlemer og 2 varamedlemer». 

13 Bedriftsidretten lagar eigne rutinar for val av styremedlem og varamedlem, og melder dette til idrettsrådet sitt styre/årsmøte. 

14 Innkallinga kan vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på internett eller på annan forsvarleg måte, jf.

NIFs lov § 2-19 (2).

”Ekstraordinært årsmøte/ting innkalles med følgende frister:

NIF: Minst 1 måned Idrettskretser: Minst 1 måned Øvrige organisasjonsledd: Minst 2 uker 

15 Dette er eit minimum av kva for oppgåver som skal leggjast til styret. Det er ikkje noko i vegen for at det kan gjerast vedtak om at styret skal ha andre oppgåver i tillegg.

Vi har som kjent kommet til den tiden av året da alle skal avholde sine årsmøter. Møtet finner sted i Fjel Idrettsråd møterom Sotra Arena onsdag 20. april 2016 og starter klokken 18:00.
Vedtektene til Idrettsrådet sier om representasjon på årsmøtet i § 10 at:

"På årsmøtet i idrettsrådet møter med stemmerett:

a) Idrettsrådets styre.

b) 2 til 5 representanter for hvert idrettslag etter skala fastsatt av årsmøtet.

1-249 medlemmer2 representanter

250 – 499 medlemmer 3 representanter

500 – 999 medlemmer4 representanter

1000 og flere medlemmer5 representanter "

Videre inviteres idrettskretsen og kommunen til å delta

Frist for innsendelse av saker er 06.04.2016. Alt på epost til post@fjell-idrettraad.no Merk at saker om lovendring må være på sakslisten for at de skal kunne behandles. Ellers viser jeg til at vedtektene ligger på hjemmesiden til Idrettsrådet. Ved spørsmål, ta kontakt med leder i FIR Anita Heggholmen.

TID: 20.04.2016 kl 1800
STAD: SOTRA ARENA

Agenda:
  • Opning
  • Godkjenne frammøtte stemmeberettigede
  • Godkjenne innkalling, saksliste og forretningsorden
  • Val av dirigent, sekretær og to til å underskrive protokollen
  • Handsame årsmelding
  • Handsame rekneskap i revidert stand
  • Godkjenning av nye lovar for Fjell Idrettsråd
  • Handsame innkomne forslag
  • Handsame handlingsplan
Pause
  • Vedta budsjett
  • Val
  • Avslutning